Grindaguten

Grindaguten

Eg minnast ofte farne tider,

og helst eg minnast lyse sider.

Eg hugsar ting frå den gong då

ei grind sku ikkje open stå.

Ein gong i tida var det so

i alle vegar grinder sto

som stengsel der for hest og ku.

Ved grinda laut nok dyra snu.

Då eg vart fem, før eg vart sju,

ei verd seg opna kan du tru.

For bilar byrja køyre der

kor grinda stengde stor og svær.

Sjåførane mi hjelp då trong,

"lat du opp grinda, med ein gong,

så får du peng i handa di",

sa alle og var svært så blid.

Med tida kom det rutebil,

og eg vart grindagut med stil.

For no hadde eg jobben fast,

og livet hadde inga hast.

Eg sat på vakt i all slags ver,

for folk som køyrde framom der.

Trafikken auka jamt og trutt,

eg trudde aldri det tok slutt.

Ein femøring i ny og ne,

det vert no pengar ut av det,

når folk må ferdast fram i bil

der vegen ikkje sto i stil.

Men så ein dag tok alt ein ende,

eg fatta ikkje kva som hende,

for brått so var no grinda vekk,

og ferist låg der svart og frekk.

Der rauk mi inntektskjelde god,

og at med andlet langt eg sto.

Ei finanskrise i miniatyr,

vart lekse som var vond og dyr.

Av Stein Stendahl

Bladet Stordamål 2013 

Oppdatert 13 november 2016 

Den smale sti

Den smale sti

Mine fotspor er lette å følge.
Eg går den på den smale sti.
Men eg er ikkje god i møte.
Det blir vanskeleg å gå forbi.

Du må sjå meg djupt inn i auga,
spørre fint om du kan få plass.
Eg skal vurdere deg som alle andre,
legitimasjon og pass.

Og hvis godlunet da er med meg,
skulle du saktens få slippe forbi.
For eg er uvørn å møte
om eg går på den smale sti.

Henta frå boka "Regndråper"

av Dagfinn Grøttå

Oppdatert 7 november 2016

Havet og mennesket

HAVET OG MENNESKET

Eg har møtt mange menneske
nokon brautande, tramper seg veg
andre meir stillfarne
trør varsom sine steg.

Havet kjem ofte brautande
fosser seg veg mellom steinane i fjøra
andre gonger kjem bøljene varsomt
smygande mellom tare og stein.

Menneske kan ofte vere som havet
havet kan og vere som menneske
begge har liv på sin samvittighet
og begge gøymer på ein løyndom.

Men havet kan og vera dammande still
og menneske kan vera hensynsfull og snill,
men begge to kan om dei vil
Vera rasande gal og vill.

Henta frå boka "Regndråper"

av Dagfinn Grøttå

Takk til forfatter Dagfinn Grøttå for at me fekk låna dette diktet henta frå boka hans "Regndråpar", bildet tok me i går på Ryvarden Fyr og bildet i lag med diktet fortel si historie i lag om havet som gir og tar.

Oppdatert 16 mai 2016

Del denne siden