Tirsdag 1. juli 2014

Hallo igjen!

I dag kan me sanneleg skriva 1 juli og det er varmt og godt, sjølv har me flytta "bloggaren" og ei datamaskin ut på nye terassen og inn i eit ny innkjøpt partytelt og der har me det som plommen i egget eller kanskje fisken i vannet.

Her har det nok ein gong vært lite oppdatering for 4 måned har gått i frilansjobb og då har det vært lita tid med sying og redigering av bilder på sykontoret. I tilegg som de ser på bildet her så blei 4 laptoper flytta ned i den nyoppussa snikkerboden der me prøve å få tømt ut alle bilder og videoer. No blir det nok snakk om at på mandag om ei lite veke som kjem så skal ein ny Laptop og eller ei stasjonær maskin kanskje handlast inn og bli plassert permanent på kontoret " og den skal ikkje flyttast ein centimeter". 
Om varmen kjem til å halda seg så blir symaskina plassert på terasserommet for ei lita stund på eit bord (var der allt utsyr var tidlegare nokre månader før det havna i 2 etasje). Nytt på terasserommet er ei oppskrudd lang hylle oppunder taket og ei heimalaga lang oppslagstavle rett under laga av asfaltplate med striestoff kledd utenpå. Den kan vera grei å bruke til å henga opp testbilder på samt lappeteknikk greier for å sjå korleis prosjekta kan bli. Dermed kan terasserommet brukast som minisystue når det ikkje er kaldt .

Skal me skal me blogga litt til ja det må me, når me først har skrivekløa her men skal korta meg i korte trekk i dag. Legg merke til Ronny Tertnes frå Bergen sine flotte dråpe bilder som ligg på hovedsida her, her er direkte linken og
http://ronnytertnes.no/  og me skal på sikt bestilla eit bilde ja, for når syrommet blir flytta at så skal veggen henga med bilder av flotte kunstnere og eit av Ronny sine😀.

Ein anna ting som er vel og merka at de vil nok forstå at denne bloggen kan svinga mellom kunst og båtbilder og div andre kjekke ting, alt er ikkje på plass enda. Men me er no blitt med i venelaget til Leirvik Fyr link her er
http://no.wikipedia.org/wiki/Leirvik_fyr  og dei kan de søka opp på facebook. Me var store og små som var på fyret Sankthansafta. Ein liten viktig ting eg vil ta med til slutt er om skuta Seladon den vil me bli meir kjendt med og her kan det lesa meir om historia til skuta http://smedholmen.com/seladon/historien-til-seladon/ . Kjem til å oppdatere lenkje sida eit av dagane samt ei lita oppdatering her på kontoret og. Vil be dåke å følgja godt med på hovedsida og for er ikkje sikkert at eg skrive alt her no.

Med Helsing Kristine og MalkenesBloggen.Com😉

GOD SOMMAR! 🙃

Søndag 5.april 2014

Heisan og god søndag!
Det går mot påske men ute er det litt småkaldt og bittelitt regn men me holde oss inne heile gjengen. Legg ved eit bilde av Bernina katten som holde seg ved symaskinsfoten, han ser litt trist ut på bildet men det kan vel vera at han ikkje fekk hoppa opp på sybordet og legga seg blant alle sybamsene mine. Bilde høyrer til det eg la ut i går.😀 Mykje har skjedd dei siste månadene ein heil bråte med kjekke ting og mykje aktivitetar, kan nevna at i går starta teaterfestivalen her på Stord og dei fylte heile 30 år og det var stor stas det. Var sjølvsagt på plass med kamera då Stord teaterlag starta med framsyninga Pinocchio for så å sjå at komiker Christine Hope holdt ein fin tale og markerte åpninga av festivalen for åpna. Ho sjølv gjekk i si tid på teaterlaget og hadde kjekke opplevelser der. Kan nevna sjølv at første gangen eg var med så hadde eg ei med på "Reisen til julestjerna" 2010 og budde omtrent nede på kulturhuset i helgane og om tirsdagene som ei av fleire sydamer, seinare var eg med på  voksenrevyen EssOess 2010 som sydame, samt var pittelitt med under Alf Prøysen 2011 oppsetninga (men helst lite der). Denne gangen var eg meir aktiv under Pinocchio 2014 dvs litt som sydame/teknisk og litt fotograf men så bevegde eg meg inn på teknisk der eg fekk vera med å utforma taka til denne Italienske landsbyen me skulle ha på scena, det var veldig kjekt. Teknikerene lærte meg nye male, klipp og lim teknikker som ein fekk sjå resultatet av på scena etterpå når lyskasterene kom på kulissebygningene. (Fekk no lurt til meg å knipsa litt bilder innimellom øvingene uten blitz og med nye kamera). Men over til teaterfestivalen at siden det er 30 års jubileum, Dvs Stord teaterlag har i alle desse åra vært "festivalvert" for alle teaterlaga frå Hordaland som har vært med desse åra og i går markerte dei det med å gå i tog nede til kaien og opp til kulturhuset at med sjølvsagt ordføreren vår Liv Kari i spissen samt festivalstyre og alle aktørane og sist men ikkje minst Stord skulekorps spelte. Var reine 17 mai toget som gjekk gjennom sentrum og det var eit vakkert skue. Sjå video på hovedsida.🙃

Me sjåast plutselig at!
Helsing kristine
😘

 NB på denne linken her kan de sjå tidlegare fotograf bilder frå Stord teaterlag😀http://www.fotoarkivet.b91.no/thumbnails.php?album=11 

Lørdag 05. april 2014

Heisan gode folk og takk for sist!🙃

Som de ser så har eg vært lite flink til å skriva siden sist eg oppdaterte her på info sida og då snakker me om måneder ja og det er litt synd for kan i perioder vera skriveglad og så tenkjer eg berre venta til i morgon for då har eg manuskriptet klart i hovudet, men som enkelte sikkert kjenner seg igjen så blir det berre med tankane for då gjere me som oftast på med noko anna vil eg tru!

Har egentlig mykje på hjarta i kveld men forkjølelsen har tatt meg, men skal skal skriva sterkare tilbake. Men eit nytt kamera er vel på plass i heimen og det er Canon EOS 700D, blei tipsa av gode Kvinnheringer om at dette kunne vera kamera for meg som er glad i å hobbyfotografere og vil utvikle meg. Har lagt til eit bilde frå då symaskinene var med til Varaldsøy sist eg var heime på øya og då passer det med å avslutta med eit dikt ein diktarvenn skreiv på bestilling til meg i mars i fjor.😉

Hit og dit
Jeg kan høre at tiden slår
Sybordet til Kristine
Hit og Dit
Frem og tilbake
Hvor står det nå?

Som regn fra blå himmel
og som skyene driver av sted
Tikk - Takk som viseren på en klokke
Flytter bordet seg med tiden
mens kreativiteten lever videre.

Kristian William Samuelsen III 18/3-2013

Og dette diktet er eg så glad i, no skal eg snart legga meg og blogger videre om teater og andre foto opplevelser snart.🙂


😀

Lørdag 31. august 2013

Heisan gode folk!😀
Då var det tid for å blogga at ja og i dag skrive me på siste august dagen i dette året. I dag vil eg skriva litt om dikt, har nemlig fått tilsendt ei flott bok i posten og den heiter "Refleksjoner over livets sårbarhet" skreve av Svein Olav Nordlien og bildene i boka er tatt av fotograf Steve Halsetrønning. Og er ei kjempeflott bok å lese, har smugkikka litt i den. Her er eit lite utdrag av eit dikt og med velsignelse frå Svein Olav Nordlien så legg eg det ut her:

KVERNSTEINEN
Livet går i sirkler, fra vugge til grav.
Og lik kvernsteinens senterpunkt, har vi og ett eget nav.

Men der kvernsteinens senter er stødig, er vårt så ofte på vandring. Ja fra vår fødsel til vår død, er vi støtt i forandring.

Ta gjerne kontakt med MalkenesBloggen på innboks og me vil formidla videre om de ønsker å kjøpa boka.NB litt meir info om boka finn de på hovedsida, og bilde som eg har fått låna er til dette diktet i boka.😉

Ellers så har eg lagt ved eit bilde frå kontoret her, tok nemlig og fekk pressa ein kommode mellom sybord og dørkarm, og det blei så fint. (kommoden blei kjøpt i  Sagvåg på bruktbutikken).  Og i går fekk eg hengt opp ei lita hylle eg ein gong kjøpte hos Ellos på postordre, men før den blei hengt opp så heiv eg meg på sykkelen "Petra" og kjørte ned på Vikjo og spurta inn på butikken "5 høns" og kjøpte 3 fine knotter som blei montert på skuffene, og som de ser så har kommoden samme knotter den og, (39 kr pr knott kostar dei, men er vel verd pengane synest eg).  Men no lyt me rydda litt, har hatt reine ekspedisjonen ved å henta fram gamle sysaker, og siden sist eg skreiv så fann eg fram at lappegardinene eg begynte på i 2004 som eg skulle ha på syrommet på Varaldsøy, men no skal dei få ein plass på "Kontoret" her på Stord. Jammen kjekt å leita fram at gamle ting, er jo reine lottogevinsten det! Men no vil eg avslutta med å ønskja dåke alle ein god lørdag!

Me sjåast sånn plutselig at!🙃
Helsing Kristine "den syglade"





Søndag 12. mai 2013

 Heisan! Her kjem ein liten oppdatering frå mai månad, ser no at over 72000 har besøkt sida mi siden 2009, men kven som er innom veit eg ikkje. Men så har eg heller ikkje vært så aktiv heller her😮.  Siden sist så la eg ut eit dikt om eldreomsorga på hovedsida, og det er veldig kjekt å få legga ut bilde og dikt for andre slik at bodskapen når fram til folk. Det er det Malkenesbloggen kan brukast til og, har eg tenkt. 28 april hadde me konfirmasjon her i huset og det var kjekt, været var så som så. I desse dagar rydder eg på syrommet, leiter fram mange sy ting eg har samla på i åresvis, du ville nok ha kasta tinga men eg veit at det vil komma til nyttes, "berre vent så skal de få sjå"!  Bilde eg no viser er av sylampa eg lagde då eg budde på Varaldsøy, har nokre gardiner eg jobba med i samme stoffet, men dei ligg nok i nokre flyttekasser enda. No skal det røskast opp og hentast fram at. Me sjåast! Mvh Kristine😉

18 mars 2013

Heisan alle gode folk som kikker innom bloggen min! Desverre så ser eg no at det er 2 år og 2 dagar sida eg oppdaterte her inne på "Info frå kontoret" så beklage så masse. Legg ved eit arkivfoto frå det heimalaga sybordet som mannen min Magne snikra i hop på bestilling frå meg. Fotoet er frå 18 mars 2009 då eg dreiv å pakka vekk sysaker og div på Varaldsøy for då hadde me fått oss hus på Stord, og eg klare jo ikkje å leva uten sybord og symaskiner. For det er der eg løyser verdasproblem.  Kan nevna eit par episoder der me kun skulle ha ei helgatur og div tilbake til Varaldsøy så måtte jo symaskina vera med he he🙃.

Kan nevna no at dette sybordet har flytta heile 6 gonger, og er no flytta inn på minsten sitt gamle rom, nymala vegger og tak er det og sybordet er vel på plass sjølvsagt. Men er litt rot der enda, derfor jukser eg i dag og bruke dette bilde, fy meg.

Har laga til ein bildeserie frå minnemarkeringa på Ådlandsbru i går, sjå i menyen til høgre på hovedsida her. Dagens bilde blir skifta ut av og til, for har ikkje bestemt meg enda for korleis denne sida skal sjå ut enda.

Skal vera flinkare å oppdatere og henta fram ein masse med arkivbilder snart ok!

Takk for tålmodigheten!

Med dette ønskjer eg alle ei flott helg!😀

Med helsing Kristine Malkenes Tveit/ 

©MalkenesBloggen.com

Tenkte eg måtte skriva noko her, er ei stund sida sist, det går litt seint med denne bloggen...har nett fått tatt backup av ein del bilder frå laptopen som eg kaller for "gamlo" ho er snart på vei ut av denne verden men held nok ut ei lita stund til. Dermed sitt eg ikkje med alle bilder som eg vil lasta opp, men dei ligg på lur til seinare bruk. Ville nett visa bilde av denne sauen eg sydde på oppdrag til ei bestemor, saue mønsteret blei kopiert opp litt større slik at symaskino mi blei straks så liten. Ellers så merkes det at sykroken min er i stova, men den er siden sist blitt utvida med eit nytt bord, skulle berre innom bruktbutikken i Sagvåg og sjå kva dei hadde der, og ut kom eg med eit gammelt Respatex bord med klaffer på kvar side,til kr 200 kr, så der havna symaskino mi på he he🙃

Oppdatert 13 mars 2011

Torsdag 06. januar 2011

Velkommen innon sykroken, som i det nye årt er blitt flytta inn i stova, avdi sy og datarommet no blir lagerplass om så lenge for ting som står på loftet, avdi me skal isolera nedover langs veggane der oppe. Så no får me prøva å halda det ryddigt på "kontoret" Samtidigt så vil varmepumpa spara nokre kroner ved at me har 1 rom mindre å varma i dette nye året.

Del denne siden