Bamsesying pågår!

Velkommen til bamsebloggen!😀

Her legg eg ut bilder av mine heimasydde bamser, i tilegg vil det dukka opp detaljer av andre bilder som har med bamseyinga å gjera alt etter som eg putler vidare . Det er mykje arbeid å sy ein bamse, mønster skal lagast til, klipping i stoff, auger trykkast på og sying av snute og munn.Og mykje mykje meir, ikkje minst da å sy klede til bamser er ein prøvelse, men moro er da å henta fram gamle kunnskaper at i frå Husflidskulen. Ein viktig detalj her er at alle bamsane får eit bamsehjerte inni bamsekroppen sin før dei blir sydd at.

Mine to døtre er dei gode hjelparane her, dei er gode å få råd og tips av!🙃

Dato på bilder fortell når tid bamsane har blitt sydd. Bilder og tekst blir plassert ved at det nyaste innlegget blir plassert øverst på sida her og det gamlaste nederst. Sjå og innom galleriet om Heimasydde bamser, der vises bilda større.

Oppdatert dato 02.april.2009

Dei gode medhjelparane og den store bamsen i hagen.

Dei gode medhjelparane og den store bamsen i hagen.

Knutsaåsbamsen

Knutsaåsbamsen

Denne bamsen er navnelaus men kalles for øyeblikket for "Knutsaåsbamsen" avdi den no sitt på eit gevinstbord på Knutsaåsen Omsorgsenter avd 2 og skal om ikkje så lenge loddast bort til inntekt til eit sterkt ønskja "lysthus" til Sansehagen på senteret.😀

Bamen er sydd av Teddyfilt kjøpt på butikken"Inspirasjon" på Stord. Buksa er sydd ut av ein gammal dongeribukse, så her fekk ein virkelig prøva seg på jeans nålene, men da gjekk no på eit vis med symaskina. T-skjorta er sydd om frå ei barne t-skjorte. Så her er da gjenbruk av klær og. Sjå større bilde av denne på galleriet "Heimasydde bamser" Der vil de og sjå han med slips, sjølv om slipsknuten ikkje er heilt som den skal så får me kryssa fingrane på at den som vinn loddbamsen kan laga ein skikkelig slipsknute. "Her skal me jammen øva på knutar i framtida ja).🙃

26.04.2009

26.04.2009

To gode vener

To små bamser sitt ute på plenen og nyter den fine vårsola. Bamsane er miniatyrer av Bamsen Betty. Klede skal dei få seinare, og dei skal evt brukast til eit framtidig logo prosjekt.

Gylden imitert pels

Vare nr. 910196

Ca. 150 Cm Bred
80% Akryl
20% Polyester
Krymp ved vask: 3%

25.03.2009

25.03.2009

Bamsen Betty

Ein ny bamse såg dagens lys før jul, dette var då ein prøvesying med overlockmaskina mi. Bamsen har fått navnet Betty av dotter mi. Denne bamsen brukes som ein slags maskott i ulike situasjoner derav og ulike klede til stor glede for ungane, sjå og innom galleriet "Heimasydde bamser" der bilda vises større.😀

Gylden imitert pels

Vare nr. 910196

Ca. 150 Cm Bred
80% Akryl
20% Polyester
Krymp ved vask: 3%

25.11.2008

25.11.2008

Bursdags bamsen!

Bamsen som her er sydd, er laga til dotter mi Malin, den har fått navnet Pinky og er sydd av Malin sin gamle flanell pyjamas. Her er det gjenbruk av gamle klær som gjelde, og det er heller ikkje dumt å bruka noko opp at. Ho har bestilt meir klær til Pinky!😉

Nougat Imitert pels

Vare nr. 910188

Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%

18.11.2008

18.11.2008

Yogabamsen Cili!

Denne damebamsen blei sydd på oppdrag, bamsen havna i Åsane på 17 mai i lag med den store bamsen "Leo da Vinci" Dei fekk helsa på ei fantastisk dame som heiter Irene. Ho gav denne lille bamsen navnet Cili. Bamsen blei lodda ut til inntekt til ein da Vinci robot til Haukeland Universitetssjukehus. Ei lita jente fekk vinnerloddet og eig denne bamsen den dag i dag!😀

Damebamsen fekk seg ein kjole i velourstoff, i tilegg til eit hodepladd med påsydde blonder eg hadde liggande i sysakene. I tilegg blei logoen til stiftelsen MHF påsydd i lag med "Vi er med" tøysløyfer i livet på kjolen. Logoen blei skreve ut speilvendt på PC-en og strøke på kjolen.

Gylden imitert pels

Vare nr. 910196

Ca. 150 Cm Bred
80% Akryl
20% Polyester
Krymp ved vask: 3%

13.05.2008

13.05.2008

Sjukehusbamsen Harald!

Denne bamsen er ein sjukehusbamse som bur på kir.avd post III Stord sjukehus bamsen har fått navnet Harald av det flotte personellet der. Bamsen er ein takk til personellet i frå oss pårørande!🙂

Sjukehusskjorta er sydd etter kjøpt stoff, og korset samt hjerta er sydd av stoffrestar eg hadde liggande på lur.

Nougat Imitert pels

Vare nr. 910188

Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%

18.04.2008

18.04.2008

"da Vinci" bamsen

Leo da Vinci heitter denne bamsen, den representerer innsamlingsaksjon til "da Vinci" kikkhullsrobot til Haukeland Universitetssjukehus i regi av Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond (MHF). Bamsen bur no hos stiftelsen i Bergen.🤩

Må nevna at skinnvesten er sydd ut av ei skinnbukse eg fekk av ei veninne, slipset er sydd etter eit gammalt HSD slips (slipset fekk påsydd "Vi er med" tøysløyfer etter stiftelsen MHF), t-skjorta er sydd opp etter ei ny t-skjorte eg hadde liggande.

Nougat Imitert pels

Vare nr. 910188

Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%

23.01.2008

23.01.2008

Muttern`s bamse!

Dette er den første bamsen eg har sydd i heile mitt liv, og sjølvsagt blei det muttern som fekk den. (Prøvekaninene blir som oftast gitt bort).😀Bamsen bur den dag i Eidfjord og titter på sin nye bamseeigar med sitt spesielle bamseblikk.🙃

Den lille navnlause og kleslause bamsen er sydd av:

Nougat Imitert pels

Vare nr. 910188

Ca. 150 Cm Bred
100% Polyester
Krymp ved vask: 3%

05.09.2007

05.09.2007

Del denne siden